I første runde av fagkveldane våre skal vi innom sparing, og forskjellen på kortsiktig og langsiktig sparing. Kva er lurt – og ikkje? Korleis spare smart?
Er kvardagen prega av daglege gåter på bankkontoen som tryllar vekk pengane, eller treng du berre tips til kvardagsøkonomien? Kanskje du er ein slik som kjenner den høge renta og matvareprisane på kroppen? Eller treng du berre litt råd til å auke luksusen på det neste feriemålet. Uansett passar det fint at vi har eigen sakkyding på fagfeltet i ressursgruppa. Silje jobbar som kunderådgivar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og kan mange av dei tinga vi skulle ønske vi lærte på ungdomsskulen. I tre runder skal vi ha fagkveldar der du får tips til korleis utnytte din eigen økonomi best mogeleg.
Meld deg gjerne på, vi har begrensa med plassar. Arrangementet er gratis, dette er kun ein investering i eigen økonomi! Sjåast i Sparebanken Sogn og Fjordane, Strandgata 45, 6900 Florø. Dørene opnar klokka 18.00. Det blir lett servering – men ikkje kom sulten.