Elektrifiserer verdas finaste skjergard

Vi er stolte over at Evoy er ein av våre Supersild sponsorar!

– Kort om di bedrift! Kva jobbar de med her i Florø? Har de eit ekstra gøy prosjekt de vil nemne?  

Evoy utviklar og produsera elektriske motorsystem til båtar mellom 20-50 fot, og har hovudkontor her i Florø! Vi er jo eit startup, og det er i seg sjølv eit ekstra gøy prosjekt. Målet til Evoy er jo å gjere ein berekraftig forskjell i korleis vi brukar båt i dag, og rett og slett gjere elektrisk til eit uimotståeleg val. 

 

– Kva er det finaste med Florø?  

Det finaste med Florø må jo vere at vi er omringa av hav, fjell, øyer og verdas finaste skjergard.

 

– Vesle Kinn eller Bua for lønningshils med Evoy-gjengen?  

Haha, her er det sikkert delte meningar! Men skal vi få plass til alle, må det bli Bua trur eg?

 

– Kvifor vil de støtte FloraU40? 

I dag er vi 47 tilsette der dei fleste av oss held til ved hovudkontoret vårt her i Florø. I selskapet har vi 14 ulike nasjonalitetar, noko vi er veldig stolte av. Faktisk er gjennomsnittsalderen i Evoy ikkje meir enn 39 år! For oss er det difor heilt naturleg å støtte FloraU40, då store delar av selskapet vårt representerer denne målgruppa. Det er utruleg viktig for oss med tanke på rekruttering av talent både lokalt, nasjonalt og internasjonalt at det finns mogelegheiter til å utvikle eit sosialt nettverk både i- og utanfor jobb. Men det er også viktig både for oss og for Florø at våre eksisterande tilsette trivast her, og vil fortsette å bu her.

Foto av The Evoy Team: Sol Fure og Helle Frogner

Dele saka?