Har du nokon gang prøvd golfsimulator? Eller er du allereie proff på dette? Saman med Florø Golfklubb inviterer vi til open dag i golfklubben sine lokaler. Den 24. februar frå 12:00 – 16:00 kan du få teste ut Florø Golfklubb sin nye golfsimulator gratis.
Når du ikkje tester ut golfsvingen kan du nyte litt kaffi og kaker, og snakke om kva drive som er best på Vestlandet (vi på kommunikasjon har ikkje peiling på slikt, men det har definitivt golfklubben).
Gratis og inga påmelding.
Slik kjem du deg til Florø Golfklubb (Planteskulevegen 35, 6908 Florø): Køyr på rv 55 mot Førde og til Brandsøy. Rett etter busstoppet i Brandsøy på venstre side, svinger du inn og følger vegen ca 1 km innover. Florø Golfklubb sin golfsimulator ligg i 2.etasje på låven til planteskolen. Det vil vere skilting på området og telefonnummer til å ta kontakt.