Har du auka familien og permisjon frå jobb? Ta med den nyaste familiemedlemmen og bli med på bakst&barnevogn 👶🏼 Onsdag 7. februar møtast vi på Kafe Kandis i 3. etasje på Amfi frå klokka 12.00. Ressursgruppa har huka tak i ein hyggeleg trønder som heiter Olaf. Han har pappaperm, og held av eit bord til oss! Her kan du møte likesinna og snakke om slike ting som man snakkar om når man har fått born (ressursgruppa wouldn’t know).
Ikkje vær redd for å komme åleine, vi skal ta godt vare på deg.