Frisk opp garderoben på ein miljøvennleg måte
Laurdag 19. oktober arrangerer Flora U40 og Naturvernforbundet i Kinn ein klesbyttedag i Speilsalen på Florø Kulturhus. Finn fram klede du ikkje brukar, og forny garderoben din utan å bruke ei krone – kor deilig er ikkje det! Denne gangen er det dame- og herreklede som står på tapeten
Innlevering av klede: fredag 18. oktober kl. 18 – 20 og lørdag 19. oktober kl. 10 – 30.
Bytting av klede: laurdag 19. oktober kl. 14 – 16.
KORLEIS?
1. Finn fram max 7 reine og fine plagg (klede, sko eller vesker, som er i så god stand at du ville gitt den vekk til din beste venn)
2. Lever kleda i åpningstida (fredag 18. oktober kl. 18 – 20 eller laurdag 19. oktober kl. 10 – 13). Det du leverer blir kontrollert og godkjent.
3. For kvart godkjente plagg får du ein byttelapp, som igjen er verdt eit plagg på sjølve byttedagen
4. På byttedagen kan du velje og vrake i skatter som er levert inn av andre. Dørene for bytting opnar laurdag 19. oktober kl. 14.
Alle går fornøgde heim med nye tilskot i garderoben. Klesbytting er gøy, enkelt og eit supert miljøtiltak for å skaffe seg nye plagg med god samvittigheit. Overskuddsklær blir brukt til veldedige formål.