Amazing Race // 14. september

Velkommen til Amazing Race – Florø versjonen!

Kva skjer?
Vi møtast klokka 12.00 ved Flora Barneskule. Kom aleine eller saman med nokon, det er opp til deg! Vi delar inn i lag, og gir dykk informasjon om dagen. Vi har lagt opp til eit gitt antall postar som de saman i laget skal finne, og ei oppgåve de skal løyse. På kvar post får de ei tidsramme på 20 minutt før de går vidare. Kvar post er poenggivande, og dei som får flest poeng går sigrande ut av Amazing Race. Undervegs i løpet vil de få oppgåver som gir ekstrapoeng. Kva lag som vinn får de vite på festen på kvelden. Fordi, sjølvsagt skal vi avslutte med ein fest!

Fest?
Amazing Race er ferdig kring 16.00. Då kan de gå heim, slappe av og nyte dagens innsats før vi møtast igjen frå klokka 19.30 på Haavebua. Her blir det kåring av vinnarlag, ein ny quiz/ leik og DJ! Vi inviterer fleire til å vere med på festen, så har du ikkje tid eller lyst til å vere med på dagtid er du hjerteleg velkommen på kvelden

Kva treng eg?
Først og fremst godt humør. Elles treng du ingen forkunnskapar eller å vere i god form. Alle postane er i Florø-sentrum, og i gåavstand. Det er ikkje tidspress, så det handlar ikkje om å springe mellom postane. Ingen formkrav her! Ta med deg det du vil ete og drikke på dagen, og gjerne nokre gode sko.

Andre ting vi vil nemne

Vi har aldersgrense 20 år på dette arrangementet. Vi tar forbehold om dårleg vær. Blir det skikkelig dritt avlysar vi på dagtid, men festen på kvelden skjer uansett. Vi legg ut to typar billettar. Ein til heile dagen – og ein til festen. Kjøper du for heile dagen er festen på kvelden inkludert. Vi har 60 billettar til Amazing Race, og fleire til kvelden. Det kan bli utseld så berre å hive seg rundt.

Dele saka?

Kontakt

Maria Hunvik

E-post: maria@atilaa.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello