Open dag – Friskis&Svettis // 23. oktober

Er du på leit etter eit lågterskel treningstilbod som passer for alle? Kanskje er du allereie ein ivrig mosjonist, men savner eit sosialt treningstilbod? 🏃🏻‍♂️ 🏃🏻‍♂️ Saman med Friskis&Svettis inviterer vi til open dag i Florøhallen. Her er du hjarteleg velkommen til å delta på ein treningsøkt saman med Elina, ein av Friskis&Svettis sine motiverande instruktørar.
 
Du treng berre å møte opp i treningsklede, ha med deg nokon gode sko som passar til innandørs bruk og ha med nok væske. Alt av nødvendig utstyr får du elles låne der. Vi kan love god musikk og god stemning.
 
Gratis og inga påmelding.
 
Florøhallen ligg like mellom Florø stadion og ungdomsskulen. Medlemmer av ressursgruppa til Flora U40 vil ta deg i mot ved hovudinngangen.
 
KVA ER FRISKIS&SVETTIS?
Friskis&Svettis fokuserer på lysbetont trening som alle kan vere med på. Treningsøktene er varierte, med hovudvekt på funksjonell trening, der heile kroppen takast i brukt. Øktene kan f.eks. være trening med verkstang, sirkeltrening, core-flexa, YUMPA (effektiv trening med musikk i sentrum) og meir.

Dele saka?

Kontakt

Magnus Aftret

Tif: 930 34 058

E-post: florau40@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello