Onsdag 3. desember kl. 18.00 inviterer Flora U40 til ein triveleg og kreativ kveld med juleverkstad på Byx i Florø (3. etasje). Her kan du lage og fikse julekort, pakkelappar og små gåver – eller berre kose deg i godt lag medan du kjem i skikkeleg julestemning.
Vi stiller med alt av materiale, snacks, gløgg, inspirasjon og enkle instruksjonar, så du treng berre å møte opp med godt humør. Ta gjerne med eigne prosjekt eller idéar dersom du har noko du vil jobbe vidare med.
Dette blir ein koseleg kveld der du får gjort litt førjulsførebuingar – med mykje hygge.