Great Gatsby // 17. januar

Velkommen til ein ny tema-fest med oss i Flora U40! Denne fredagen lar vi oss inspirere av Great Gatsby og det glade 20-tallet. Vi arrangerer både middag først, og fest på kvelden. Og du kan vere med på begge deler – eller berre festen. 

Middag i resturant Bryggekanten: 
Denne dagen diskar hotellet opp med ein eigen toretters Gatsby-meny for oss! Menyen består av bourbon glasert svinenakke til hovudrett og bananpudding til dessert. Her får du velkomstdrink når du kjem. Skulle du vere vegetarianar fiksar dei eit alternativ. Middagen begynner klokka 19.00 og kostar 675,-. Vi har 50 billettar til middagen, så her er det berre å slenge seg rundt. Ved kjøp av denne billetten er sjølvsagt festen på kvelden inkludert.

Fest i Haavebua:
Ein god middag må ende i ein god fest. Haavebua opnar dørene klokka 20.30, og her blir det musikk, aktivitetar, kåring av kveldens beste outfit og mykje kjekt! 

Påmeldingsfrist: 13. januar klokka 14:00 (for middag – festen er open så lenge det er billettar igjen)
Aldersgrense: 20 år. 

Vi gler oss som vanleg til nok eit kjekt arrangement med dykk!

Dele saka?

Kontakt

Magnus Aftret

Tif: 930 34 058

E-post: florau40@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello