Er du klar for å lyse opp novembermørket? 🔦
Flora U40 inviterer til hodelykttur tysdag 12. november kl. 18.00, med oppmøte på parkeringsplassen på Torvmyrane.
Vi legg ut på ein triveleg kveldstur der lysstrålane frå hodelyktene våre viser veg gjennom mørket – med både latter og god prat undervegs.
Dette er ein lågterskel tur som passar for alle, og ein fin måte å få frisk luft og energi i den mørkaste tida på året.
Ta med hodelykt, gode sko og klede etter veret – og gjerne ein ven eller to!
Bli med og gjer november litt lysare saman med oss!