Veslestrikk // 26. februar

Flora U40 og Vesle Kinn inviterer til Veslestrikk! 🧶✨

Ta med deg strikkeprosjektet ditt og bli med på ein koseleg og uhøgtideleg strikkekveld på Vesle Kinn onsdag 26. februar kl. 18:00. Her kan du nyte god drikke, godt selskap og kanskje lære eit par nye triks på pinnane.

Om du ikkje kjenner nokon frå før, er det berre å slenge seg med – her er det plass til alle med strikkelyst!

PS. Sjølv om Flora U40 er medarrangør, er det ingen aldersgrense. Er du over 40 og likar å strikke, er du hjarteleg velkomen! 

Dele saka?

Kontakt

Magnus Aftret

Tif: 930 34 058

E-post: florau40@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello