// Arrangementet er dessverre utsatt, men vi kjem tilbake med ny dato!
Vi introduserer Industrisafari saman med Fjord Base Gruppen og Havland!
Har du køyrt forbi Fjord Base, og lurt på kva som eigentleg føregår på innsida av Norges største forsyningsbase? Korleis fungerer logistikken på eit så stort areal? Kva er greia med alle røra som ligg der, og kvifor blei Florø akkurat rørhovudstaden? Det er mykje snakk om areal; kanskje du lurer på kva for framtidsplanar som ligg i loopen, eller vil du berre vite meir om aktiviteten på Fjord Base?
Eller kanskje du er meir interessert i dyr, og lurer på om det fins nokre av dei på Fjord Base? Ta for eksempel Havland torsken. Kva er greia med den? Verdsleiande på produksjon av både torsk og berggylte, pionerar innan landbasert oppdrett. Her frå Florø. No satsar dei, igjen.
Alt det her må vi snakke meir om!
Vi inviterer difor til Industrisafari på Fjord Base måndag 28. april. Først vil vi få ein skikkeleg runde på arealet, som nærmar seg 4 kilometer med industriareal. Deretter får vi lov å besøke torsken når Havland inviterer oss inn til dei unike husdyra sine. Etter besøket serverer vi ein lett tapas, som sjølvsagt inneheld torsk – og avsluttar det heile med ein gøy presentasjon og ein eller anna form for quiz!
Kveldens løype:
16.45: Avgang med buss frå sentrum
16.55: (Valfri) påstigning ved bommen på Fjord Base
17.00: Guida bussafari frå aust til vest
17.45: Omvising hos Havland og treffe på torsken
18.45: Tapas med ulike torskealternativ
19.00: Presentasjonar frå bedriftene + quiz/ Kahoot og kanskje ein premie eller to?
Visste du at det jobbar over 650 menneske på Fjord Base – fordelt på over 60 selskap? Bli med og sjå korleis det faktisk ser ut når Florø leverer til energi og havbruksnæringane, kvar einaste dag.
Påmelding finn du her