Kickstart dagen med morgonsymjing på Havhesten! 🏊♀️
Ynskjer du å starte dagen din på ein energisk og forfriskande måte saman med oss i Flora U40?
Bli med på morgonsymjing i Havhesten onsdag 23.04 frå kl. 06:30! Det vert sett opp symjebanar for oss i bassenget, og ein vel nett sjølv korleis og kor langt ein ynskjer å svømme. Når klokka viser 07:15, kan dei som ynskjer slå følgje med oss ut på brygga, der vi kastar oss utfor eit oppkvikkande bad i sjøen!
Etter eit forfriskande bad i sjøen, kan du nyte kriblinga i kroppen i den oppvarma badstua eller i ein varm dusj, og avslutte seansen med ein rykande fersk kopp kaffi ute i kaféen.
Fordelane ved å kickstarte dagen med ei lita treningsøkt og eit kaldt sjøbad er mange:
Havhesten tilbyr 20% rabatt på inngang.
Har du allereie eit medlemsskap, treng du ikkje betale noko.
Dersom du ikkje er glad i symjing, så er det alltids avslappande med ein tur i badstua, eller ein treningsøkt på styrkerommet nede i kjellaren. Alle er uansett velkomne til å ta del i eit hopp i sjøen kl. 07:15!
Kom og opplev ein fantastisk start på dagen saman med oss! Vi gler oss! 🌊🏊♂️☕️