Tysdag 4. november kl. 19.00–22.00 inviterer Flora U40 i samarbeid med Florø Klatreklubb til gratis klatrekveld i Florø Idrettssenter!
Dette er eit lavterskeltilbod for alle – du treng verken erfaring eller utstyr. Instruktørar og sikrarar er på plass og hjelper deg trygt i gang, enten du vil teste klatring for første gong eller berre få deg ein kjekk og aktiv kveld.
Ta med godt humør og ei dose eventyrlyst – resten ordnar vi! Bli med og prøv noko nytt saman med oss! 💪