Feir 17. mai med god mat og gode folk – midt i Florø!
Flora U40 inviterer til eit dagarrangement der matoppleving, fellesskap og godt selskap står i sentrum – i det nye allrommet i 3. etasje på Byx!
Feir nasjonaldagen med tapas av ekstra høg kvalitet, god stemning og moglegheita til å møte både gamle og nye fjes – midt i hjartet av Florø. Dette er ein uformell og triveleg møteplass, open for alle som ønskjer å ta ein liten pause frå feiringa og nyte god mat i godt lag.
Vi ønskjer å gjere ei flott oppleving tilgjengeleg for flest mogleg, og sørgjer for at du verkeleg får mykje meir enn du betalar for – både når det gjeld mat, drikke og stemning. Hos oss handlar det om å skape rom for gode møter på tvers av alder, bakgrunn og kven du kjem saman med. Her er det låg terskel og høg trivsel!
🕐 Dørene opnar kl. 13:00
🍽️ Maten blir servert kl. 13:30
🎈 Vi held på til kl. 15:30 – perfekt for deg som vil nyte god mat i godt lag og samstundes rekke borgartoget!
Billetten inkluderer:
Vi har eit avgrensa tal plassar, så ver tidleg ute for å sikre deg ei sosial og smakfull pause i 17. mai-feiringa. Medbrakt drikke er ikkje tillate.
Vi gler oss til å gjere nasjonaldagen endå betre saman med deg!
Takk til våre fantastiske sponsorar og støttespelarar – ein ekstra stor takk til Vår Energi for støtta til dette arrangementet.