Gratis snekkarkurs med fokus på uterommet – no på fredag!
Flora U40 inviterer i samarbeid med Vestfjord Bygg til eit praktisk og lærerikt snekkarkurs – perfekt for deg som planlegg å oppgradere uterommet no i vår!
Kurset passar både for nybyrjarar og for deg som har litt erfaring. Gjennomgangen blir leia av erfarne fagfolk frå Vestfjord Bygg – som vil fokusere på:
Planlegging og førebuingar
Val av materiale og festemiddel
Montering av bjelkelag og terrassebord
Tips og vanlege feil å unngå
Ta gjerne med deg spørsmål eller konkrete utfordringar du står overfor – det blir god anledning til å få svar på det du lurer på.
Det blir lett servering og gode tilbod
Vestfjord Bygg har gleda av å tilby deltakarar 20 % rabatt på materiale, festemiddel, handverktøy og el-verktøy. Tilbodet gjeld òg på verktøy frå HiKOKI. *Gjeld ikkje tilbodsvarer
🗓️ Dato: Fredag 09.05.25 📍 Stad: Rubhallen – Fjordgata 15 🕒 Tid: 17.00 💡 Kurset er gratis, men krev påmelding. 👇 Meld deg på her – vi gler oss til å sjå deg!