Stedet ingen kjenner /5. april

Velkommen til eit heilt nytt konsept frå Flora U40: Stedet ingen kjenner✨

Tidlegare har vi hatt fokus på sjølve festen, denne gongen er det vorset som gjeld! Kva gjer dette anleis? Jo, du får ikkje vite kvar du skal vere før éin dag før arrangementet! Møteplassane er hemmelege, og det er nettopp dette som gir kvelden ein ekstra spennande tvist!  

Dei flotte menneska bak Flora U40 opnar opp sine heim og inviterer til morsomme vors der vi har skikkelig opplegg med fokus på å bli kjend med nye mennesker. Deretter går festen vidare til Stedet Ingen Kjenner AFTERPARTY der vi byr opp til beerpong, dans, musikk, flip the cup med meir 

Kleint, tenkjer du? INGEN grunn til panikk, ressursgruppa har laga til eit skikkeleg opplegg med bli-kjend leikari trygge omgivnadar. Ønsker du å gå ut av komfortsona di og bli kjend med nye mennesker, men synast at det er litt skummelt å møte opp heilt åleine? Du kan sjølvsagt oppgi kven du ønsker å gå saman med – dette namnet oppgir du under påmeldinga, så skal vi sørge for at du havner på same vors som vedkomande. 

For deg er dette veldig enkelt, for oss inneberer dette ein del logistikkplanlegging. For at vi skal kunne realisere dette er det viktig at de melder dykk på. Påmeldingsfristen er derfor satt til 3. april.

 

Dele saka?

Kontakt

Magnus Aftret

Tif: 930 34 058

E-post: florau40@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello