🔥 STEDET INGEN KJENNER 🔥

Malisa, Sarah, Solveig og fleire frå ressursgruppa til Flora U40 er klare til å ta imot deg på "Stedet ingen kjenner" på laurdag.

Ressursgruppa i Flora U40 er klare til å invitere deg heim til seg på laurdag. Då prøver vi ut det nye konseptet «Stedet ingen kjenner».

Nyleg gjennomførte vi i Flora U40 ei spørjeundersøking blant målgruppa vår, og fleire uttrykte eit ønskje om møteplassar der ein blir sett saman med folk ein ikkje kjenner frå før.

– Vi høyrde på dykk. Dette er eit svar på eit av ønska deira, og det er eit opplegg vi verkeleg har trua på, seier Sarah.

Når du melder deg på, blir du plassert på eit tilfeldig vors med folk du kanskje aldri elles ville møtt. Dette er ein sjanse til å bli kjent med nye menneske i trygge omgjevnader.

– Tanken bak dette er å gjere noko heilt nytt, der vi fokuserer spesielt på inkludering og nye kjenningar, seier Malisa.

💡 Er det kleint? Nei! Vi har planlagde aktivitetar og bli-kjend-leikar.
👫 Må eg gå åleine? Nei! Du kan oppgi ein ven du vil gå med i påmeldinga.
🎟️ Kan eg vente til fredag med å melde meg på? Nei! Du må melde deg på innan 3. april, slik at vi kan fordele folk på førehand.

Etterpå går turen til AFTERPARTY – beerpong, dans, musikk og mykje meir ventar!

– Dette blir ein knallbra kveld, men for å få det til, må du melde deg på NO, påpeikar Solveig.

 

 

 

Kontakt

Magnus Aftret

Tif: 930 34 058

E-post: florau40@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello