Sommarfest // 20. juni

Vi sparkar i gang sommaren med eit smell! 🌞
 
Flora U40 inviterer til årets sommarfest – ein fargerik kveld fylt med musikk, gode vibbar og nye fjes!
 
Denne helga skjer det mykje i Florø, og etter det legendariske Sildabordet treng du ein plass å halde stemninga i gang – og det får du hos oss! 🎉 Finn fram ditt favoritt-sommarplagg, om det er ei blomstrete skjorte eller ein lett sommarkjole – her er det berre å kle seg for fest og glede 🕺🏼
 
I baren serverer vi eit blomstrande utval av drinkar og alkoholfritt 🍹 (PS: Medbrakt er ikkje lov.)
 
Klokka 22:00 køyrer vi på med lek og aktivitetar der du kan bli kjent med nye innfødte og innflytta florøværingar, før vi lar musikken og feststemninga ta over resten av kvelden og natta!
 
Program:
• 19:00 // Dørene opnar
• 22:00 // «Top 9»-quiz med Malisa og Solveig
• 23:30 // Beerpong-turnering
• 00:00 // Musikk, fest og sommarvibbar
• 02:00 // Dørene stenger
 

Dele saka?

Kontakt

Alexandria Følsvik

Tif: 947 90 309

E-post: alexandria@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello