U40 x Våt Moro: Aftersea-vors før Silent Disco og Quiz // 10. & 11. juli

Vi gjentar suksessen frå i fjor, og upper gamet med to vorspiel til årets Våt Moro Aftersea!
 
Våt Moro har lang tradisjon for å skape leik, aktivitet og festlegheiter i Noregs vestlegaste by. Torsdag blir det Silent Disco i teltet. Ta på deg headsetet og vel mellom tre ulike kanalar: éi med live DJ som miksar og pumpar ut kjende hits, ei anna med topp 40-låtar frå dei siste åra, og den tredje med dei aller beste sommarlåtene gjennom tidene 🎧✨
 
Fredag kveld er det klart for den tradisjonsrike quizen og allsong i teltet. Sjølv om nokre av spørsmåla kan vere utfordrande, skal det vere noko for alle. Det blir fleire morosame utfordringar gjennom kvelden, og det er lova fine premiar til vinnarane!
 
Saman inviterer Flora U40 og Våt Moro til vorspiel i Aftersea-teltet før begge kveldane.
Har du ikkje lag til quizen? Det ordnar vi på vorset! Så her kan du trygt kome aleine. Dette er ei strålande moglegheit til å bli kjend med nye folk.
 
Vi stiller med snacks og forfriskingar til deltakarane på vorset.
 
Det er mogleg å kjøpe enkeltbillett og festivalpass for U40. Med festivalpasset har du tilgang til vorset både torsdag og fredag. Laurdag har vi ikkje noko U40-vorspiel, men du kan framleis bruke festivalpasset!
 
Du finn billetter og festivalpass her, hugs å velg U40 for å vere med på vors:
https://billetto.no/…/d65445ca-5dd3-439b-baba-aed2afeecfdc
 
Har du allereie kjøpt ordinære festivalpass eller billett og ønskjer å vere med? Send ei melding til Våt Moro eller hei@vatmoro.no, så fikser vi det.
 
VIKTIG! Begge vorsa startar kl. 17.30. Før quizen fredag må du vere inne innan kl. 18.00 og bruke borda som er haldne av til U40.