Vi under 40 år stemmer minst – både ved stortings- og lokalval. Heile 3 av 10 brukar ikkje stemmeretten når landet skal velje retning. Kvifor er det slik?
Fredag 29. august inviterer Flora U40, i samarbeid med Firdaposten, til politisk samtale på Husabula.
Her kjem politikarar frå partia som stiller til val i Sogn og Fjordane. Denne gongen er det ikkje dei som legg premissane, men publikum. Ingen langdryg debatt, men ei uformell samtale der du kan stille dei spørsmåla du meiner betyr noko.
Samtalen blir leia av Truls-Einar Johnsen frå Flora U40 og Dag Frøyen i Firdaposten. Den blir også streama på Firdapostens eige sider.
Det blir låge skuldrer, gode diskusjonar der vi saman utfordrar politikarane på det som verkeleg tel.
Bli med på politisk workshop
I forkant av samtalen inviterer vi til ein mini-workshop om stortingsvalet. Her får du ei kjapp innføring i kva Stortinget er, kva vi eigentleg stemmer på frå Firdaposten-journalist Dag Frøyen. – Vi jobbar deretter saman fram spørsmål til kveldens politiske prat.
Workshopen startar kl. 17.00, og dørene opnar for politisk samtale kl. 18.30.
For at samtalen skal bli mest mogleg relevant, vil vi gjerne høyre frå deg. Bruk gjerne 5 minutter på å svare på ei kort undersøking om ditt forhold til stortingsvalet.