Mesternes mester // Flora U40 Edition // 25. oktober

Etter fjorårets Amazing Race-suksess er vi tilbake – klare for ein ny runde med action og moro!

Denne gongen står oppgåvene, samarbeidet og konkurranseinstinktet i sentrum. Gjer deg klar for ein dag full av hjernetrim, gåter, kodeknekking, lett fysisk aktivitet og spanande utfordringar – alt i ekte Mesternes Mester-stil. Og kl. 20 blir det fest hos Seilforeininga! 🎉

📅 Laurdag 25. oktober

🕐 Aktivitetsstart kl. 13.00 – ta på ute-/turklede. Oppmøte utenfor Flora VGS

🎊 Fest kl. 20.00 hos Seilforeininga

Du kan kome med inntil to lagønskje ved påmelding. Vi set saman laga etter at påmeldinga er ferdig. Det blir 5 personar per lag og totalt 10 lag. Frist for påmelding: Torsdag 23. oktober kl. 23.59.

Perfekt for vennegjengar, kollegaer eller bedrifter som vil ha ein lågmelt og sosial dag med både latter, konkurranse og fest! 🏅

Meld deg på no og bli med på haustens kjekkaste utfordring!

Kjøp billett her: https://aksello.hoopla.no/event/246565716

Merk:

Det er 20 års aldersgrense på festen. Det er mogleg å vere med berre på dagtid, men vi treng oversikt over alle påmeldte. Ta kontakt med oss dersom dette gjeld deg. Det blir ikkje servert mat eller drikke, så ta med det du ønskjer sjølv.

Dele saka?