Klatring i Førde // 22. mars

Klar for ein sosial og aktiv søndag? 🧗‍♂️✨
 
Søndag 22. mars kl. 13.00 inviterer Flora U40 og Sunnfjord U40 til klatring i Førde – og denne gongen slår vi oss saman for ekstra god stemning!
 
Dette blir ei lavterskel søndagsøkt for alle nivå. Du treng verken erfaring eller eige utstyr – her er det berre å møte opp! 🙌
 
Det blir moglegheit for buldring, og for dei som vil klatre med tau har vi med folk som kan sikre. Her kan alle ha det kjekt, uansett om du er rutinert klatrar eller prøver for første gong.
 
Dette er også ein super sjanse til å bli kjent med nye folk frå både Florø og Førde – litt puls og god stemning pleier å vere ein god kombinasjon 😄
 
Treng du skyss frå Florø til Førde? Sei ifrå!
Send oss ei melding på Instagram eller Facebook, så prøver vi å ordne samkøyring 🚗
 
Vi gler oss til ein sosial og aktiv søndag saman med dykk! 💪✨

Dele saka?