Bli med på ein sosial tur gjennom Florø – med historier, fun facts og små tidsreiser du bør vite om når du bur her. Dette er ikkje ei støvete historietime, men ei oppleving prega av gode historier, lokal kunnskap og hyggeleg stemning.
Turen blir leia av Dag Henrik Nygård, som har svært god lokalkunnskap og formidlar viktig Florø-historie fleire bør kjenne til.
Du får mellom anna: – Glimt frå byhistoria og kvardagslivet før i tida – Spennande krigshistorie midt i byen – Historier og perspektiv som gir deg nye auge på Florø
Enten du er ny i Florø eller har budd her lenge, vil du garantert oppdage noko nytt.
Turen startar ved kyrkja kl. 12.30 og avsluttar med moglegheit for kaffi eller pizza for dei som vil etterpå Arrangementet er ein del av Historiske dagar i Florø.
Ta med ein ven, kollega eller berre deg sjølv – dette blir både lærerikt og sosialt!