Fottur til Store Batalden // 4. juli

Bli med Flora U40 på fottur til Store Batalden laurdag 4. juli! ☀️🥾

Vi tek båten frå Florø terminal kl. 10:00 og set kursen mot det høgaste fjellet på øyane utanfor Florø. Dette er ein utruleg flott tur med fantastisk utsikt, frisk sjøluft og god sommarstemning.

Båten tilbake går kl. 15:30.

Ta med:

  • gode sko
  • klede etter vêret
  • nok mat og drikke
  • gjerne ekstra vindtette klede


Håpar så mange som mogleg vil vere med på ein sosial og kjekk tur ute i havgapet!

Dele saka?