Vi inviterer til rekeseilas med Svanhilds venner – ein tur med ein flott, tradisjonsrik galeas og god stemning heile vegen.
Laurdag 15. august kl. 19:00 legg vi ut på tur med Svanhild, der det blir servert reker med loff og majones – akkurat slik det skal vere på sjøen 😄
Undervegs vil de også få høyre litt om kven Svanhilds venner er og kva dei driv med.
Ønskjer du noko i glaset, er det høve til å ta med det du vil sjølv.
Arrangementet er gratis, men det er avgrensa med plassar, så her gjeld det å vere tidleg ute. Påmeldinga opnar snart – følg med i sosiale medium for oppdatering!
Dersom du melder deg på, men likevel ikkje får brukt plassen, set vi stor pris på at du gir beskjed i god tid slik at nokon andre kan få ta plassen din.