Vi lanserer ein ny, lågterskel møteplass på utvalde søndagar – for deg som har lyst til å finne på noko hyggeleg dei dagane det som regel er roleg ☕✨
Det blir sal av ulik bakst (laga av vår eigen Henriette – og ja, det er sjukt digg 😍), og vi varierer både meny og aktivitetar frå gong til gong. Nokre gonger møtest vi ute, andre gonger inne – men alltid med god stemning!
Første gong startar vi med Bollar & Bading på Prata, ved Krokane Camping, søndag 31. mai kl. 11:00. Det blir bollar så langt lageret rekk.
Ta med deg ein ven, eller kom åleine – dette er ein sosial og uformell møteplass for alle 😊