Hei, og velkommen til Florø!

Så kjekt at du vil flytte til vår vesle by! Her finn du ei oversikt over kva du kan gjere og oppleve i området. 

 

Praktisk info

Vi har ein sentral flyplass, ein kjapp køyretur på 5 minutter, med fly til Oslo, Trondheim og Bergen. Hurtigbåten kan ta deg til Askvoll, Bergen, Måløy og Selje, og du kan komme deg til eventyrlege Kalvåg på 45 minutt med offentleg transport. Det går ofte buss til Førde, og tar rundt ein time. I bykjerna Florø er det god tilgang på parkering, og det er verdt å vite at det er parkeringsavgift dei fleste plassar.

Er du på jakt etter plass å bu? Dei fleste leiligheter i Florø blir lagt ut på Facebook grupper, og ikkje Finn.no eller hybel.no. Det er verdt å sjekke ut gruppene Leiligheter til leige i Florø og omegn og Kjøpe – Selge – Leie – Bytte – Låne – Gi bort – i Florø og omegn. Her kjem det jamnt og trutt ut ledige leiligheter i Florø, og i Kjøpe – Selge kan du finne gode kupp på brukte møblar og utstyr til heimen. 

Turområder

Florø har kort tilgang på sjø og herlig natur. Det fins fine turområder rundt sentrum, som Lilleåsen, Storeåsen, Brandsøyåsen og Sørstrand Folkepark. Flora turlag, det lokale turlaget, arrangerar turar og har masse inspirasjon til turar i nærområdet. Dei arrangerar også Trimpoeng, der du kan oppdage korte og flotte nærturar medan du samlar poeng. Her kan du vinne flotte premiar for flest poeng, eller berre ved å delta. Absolutt verdt å sjekke ut! 

Mat og drikke

Fysen på sushi, lokalt øl eller kanskje litt mat dagen derpå? Florø har eit godt utvalg. 

  • Kafear: Naustdal dampbakeri, Aroma Café, Kafé Kandis, Lille Marked.
  • Restaurantar: Bolette på Comfort Hotell, Hjørnevikbua, Thai Isaan, Europa Restaurant, Nye Shanghai House, Restaurant Bryggekanten på Quality Hotell.
  • Bar & pub: Vesle Kinn, Bolette, Hjørnevikbua
  • Dagen derpå: MIX, Amanda, Circle K, Pizzabakeren

 

Fritidsaktivitetar

Her i Florø fins det fleire fritidsaktivitetar du kan vere med på. Vi har tre treningssenter: Engen treningsenter, Spenst Florø og Havhesten. 

 

Treningssenter: Engen treningsenter, Spenst Florø og Havhesten. 

Florø sjakk-klubb, Florø Klatreklubb, Tempo IL (dame- og herrelag), Friskis og Svettis, Florø golfklubb, Florø diskgolf, 

Happenings i byen

Florø har fleire arrangement og festivalar med tradisjon langt tilbake i dag, som er verdt å få med seg. 

  • Florørevyen – På vinterhalvåret set revygjengen opp Florørevyen, og tar tak i høgst aktuelle saker i vårt vesle samfunn. 
  • Våt Moro – Ekstrem natur og grenselaust moro! Våt moro kombinerar kjekke aktivitetar på dagtid og hæla i taket på kveldstid. AfterSea-quizen på fredag er tradisjon og verdt å få med seg.
  • Palmekystfestivalen – God partyfaktor! Palmekystfestivalen samlar dei frå 0 – 100 år til god stemning, og har dratt i land artistar som Kamelen, Postgirobygget og RocBoyz. 
  • Havblikk – festivalen ytterst i havgapet. I juni barkar dei 60 innbyggarane på Fanøy i gong festivalen Havblikk. Her kombinerar dei god musikk med bølgjeskvulp og rått landskap. 
  • Himmel og Hav – ein komplett kystfestival! Tredje helga i juni brakar det laust i Florø. Med Kinnaspelet, Sildebordet, Laksens dag og Musikkfestival, så kjem det til å bli ein fargerik og sjarmerande festival med eit mylder av aktivitetar.

 

Hald deg oppdatert