Nettverket Flora U40 skal fremme trivsel og bulyst samt inkludere alle i målgruppa i regionen vår; dei under 40 år. Vi er her for å berike liva til dei unge og engasjerte, og gjere området vårt til ein meir attraktiv stad å bu.
Vil du vere med, eller har du innspel til arrangement du savnar? Vi høyrer gjerne frå deg!
Gjennom små og store arrangement skal vi utvide sosiale og faglege relasjonar, med fokus på å danne nye kjennskap.
Ein kjekkare kvardag!
Vi skal bidra til at din kvardag blir endå betre; gjennom opplevingar, aktivitetar og nye relasjonar. Følg med oss for personleg- og karrieremessig utvikling!