Stort fokus på levande lokalsamfunn, nett der du bur

Vi er stolte over at Enivest er ein av våre Supersild sponsorar! 

– Kort om di bedrift! Kva jobbar de med her i Florø? Har de eit ekstra gøy prosjekt de vil nemne?

Enivest leverer i hovudsak internett og Telia Play til både privat- og bedriftsmarknaden, men støttar og gode prosjekt som set Sogn og Fjordane på kartet og aukar kompetansen til næringslivet og bu-lysta i distrikta. Flora U40 sitt mål samsvarer godt med verdiane til Enivest som har stort fokus på levende lokalsamfunn, nett der du bur. 

Enivest er ein aktør som bygger ut fiber i mange krikar og krokar i regionen vår, jfr. «Der ingen skulle tru at nokon kunne få fiber». Vi har hatt ei målretta utbygging over mange år, ut frå eit ønske om å sikre framtidsretta kommunikasjon i heile fylket. Øya-pakken i Flora med levering av fiber til dei mange øyane (Fanøy, Reksta, Skorpa, Hovden etc.) har vore krevjande, men samtidig eit spennande prosjekt. Utfordringa har vore fellesføringane med utbetring og utskifting av andre sine straum- og telefonstolpar, noko som har teke tid. Det har og vore mykje arbeid med legging av sjøkablar i området, men det glade bodskap om at alle kundane var leverte kom i slutten av 2020.

Enivest har fleire tilsette som kjem ifrå Florø. For å sleppe lang reiseveg, så har vi opna eit avdelingskontor på Peak Florø, der 3-4 tilsette vil vere tilstades i Peak-klynga. Her får dei moglegheit til å mingle med andre gründerar og etablerte bedrifter, noko som kan skape nysgjerrigheit og grobotn for nye idear og tilsettingar. Kundane i Florø blir likevel serva av kundesenteret i Førde.

– Kva er det finaste med Florø?  

Det fine med Florø er småbyidyllen og kort avstand til spennande aktivitetar og naturopplevingar, noko som Flora U40 kan dra nytte av. Nemner at byen har kafear og fine butikkar, ein kan delta på ølsmaking (lønningspils) på Vesle Kinn eller Bua. Dette er fine treffpunkt for unge innflyttarar, eller til og med Enivest-gjengen. Kinn og Svanøy er toppattraksjonar i Florø med mangfaldig historie tilbake i tid. Med andre ord mykje å utforske og lære om.

– Kvifor vil de støtte FloraU40? 

Det er kjekt å kunne bidra til at Flora U40 er realisert. Dette er eit godt initiativ der unge og engasjerte kan møte likesinna og ikkje mist dele kunnskap og erfaring. Spesielt bra for tilflyttarar som får ein møteplass og kan bygge gode nettverk

Teamet i Florø. f.v Mailinn Jørgensen, Daniel Notø og Erik Sagen.

Dele saka?