John frå Sykkylven flytta til Florø for kjærleiken

«Potensialet for å bli betre kjend er der. No er det enklare for meg å snakke med dei neste gong eg ser dei – då blir det meir naturleg å slå av ein prat.» – John

Kven er du? 

John, 32 år og bur i Florø. Eg flytta hit fordi kona mi er her i frå, så eg flytta hit for kjærleiken, som dei seier! Eg er frå Sykkylven opprinneleg, og møtte kona mi i Volda då vi begge studerte språk og litteratur. Eg likar å trene og halde meg aktiv. Eg er kanskje litt nerdete, og likar teknologi og programmering og slikt. Eg prøvar i alle fall no å kome meg ut og vere litt meir sosial óg! Det er noko det også – å vere med på ting som skjer. Eg opplever ein etter-covid-effekt der eg må re-sosialisere meg og tenke at det faktisk er lov til å gå ut. Dette er ein tilvenningssak for meg.

 

Kva jobbar du med?

Eg jobbar som lærar for flyktningar og innvandrarar på Kurs KF, og byrja i denne jobben i 2017. Arbeidet går ut på at eg lærer flyktningar og innvandrarar å bli superflinke i norsk! Det er ein viktig jobb, tenker eg. På jobb blir eg kjend med mange nye mennesker. Det er relevant ifht. Flora U40 – Det er mange av mine studentar som synast det er vanskeleg å bli kjend med folk i Florø og generelt i Norge. Folk er kanskje litt meir forsiktige her med kven dei slepp inn i livet sitt. Dette er ei utfordring vi diskuterar mykje på arbeidsplassen, men eg har ikkje så mange tips til forbetring då eg gjerne opplever dette sjølv. Derfor synast eg det var veldig verdifullt å vere med på lønningshils på Vesle Kinn! Hensikten med nettverket er jo å bli kjend med nye mennesker, og at ein faktisk må jobbe for å bli kjend med nye. Dette var mitt første arrangement og det fungerte veldig fint!

florau40-john-verkland-nettverk-florø

Kva var det første arrangementet du deltok på?

Lønningshils på Vesle Kinn. 

 

Har det skjedd noko kjekt/særskilt på eit av arrangementa du vil trekke fram?

Eg ser for meg at mange av dei eg møtte på Vesle Kinn er folk eg kan treffe igjen. Dette var folk eg hadde sett i Florø i årevis tidlegare, men som eg aldri har snakka med. Potensialet for å bli betre kjend er der. No er det enklare for meg å snakke med dei neste gong eg ser dei – då blir det meir naturleg å slå av ein prat. Eg håpar at det går an å finne gode venskap her. Det eg saknar med Florø, sidan eg er tilflyttar, er at eg ikkje hadde noko venskap her frå før av. Dei eg kjenner har eg blitt kjend med på jobb og gjennom nettverket til kona mi, og det kan fort bli begrensa. Det er veldig interessant å finne nye måtar å bli kjend med folk på! 

 

Er det noko du saknar?

Det er kanskje akkurat dette eg saknar? Det å ha ein arena som går meir på det å faktisk bli kjend med folk. På mange arrangement er det ikkje noko anna sosialt aspekt enn at du tek med deg dei du er ven med frå før av. Ein plass og eit type arrangement der det er lagt opp til å bli inkludert. Slik so på Vesle Kinn: Då eg kom inn døra blei eg tatt i mot på følgande måte: “Kom og sett deg her! Vi snakkar om baguettar!”. Det er veldig kjekt å bli inkludert med éin gong ein kjem inn døra.

 

Korleis blir ein eigentleg kjend med folk i Florø og omland?

Det er det store spørsmålet! Det er vel kanskje slik ein blir kjend med folk uansett kvar ein er: Ein må tørre å sette seg ned og snakke, og så møtast fleire gonger. Møtast du éin gong er ein på hels, men møtast ein fleire gonger, blir det eit tettare band. Det er veldig bra med lønningshils ein gong i månaden, pluss fleire arrangement! På denne måten kan ein forhåpentlegvis bli kjend med fleire som møter opp fleire gonger, og så sjølvsagt nye folk! 

Eg var redd for at dei fleste kjende kvarandre frå før av, men dei fleste hadde ikkje vore med før, så det var kjekt å vere fleire som var nye. Det kan fort bli slik etterkvart, at alle har vore innom og kjenner kvarandre, og så kjem det nokon nye, og det kan då bli vanskelig for nokon å kome inn dersom alle kjenner kvarandre frå før av. Dette må de ha i bakhovudet.

 

Kva håpar du at nettverket skal by på framover?

Det er vanskeleg å kome på noko no, men hald fram med liknande arrangement der ein faktisk må bli kjend med nye mennesker!

Dele saka?

Kontakt

Alexandria Følsvik

Tif: 947 90 309

E-post: florau40@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello