"Flytta frå Mo i Rana til Florø, der ho mor vaks opp"

«Det er veldig flott med ein felles møteplass der folk har det same målet: dei ønsker å knytte nye bekjentskap og det er noko kjekt som skjer samstundes. » – Marthe

Kven er du? 

Marthe, 28 år frå Mo i Rana. Mamma er i frå Florø, så det er ikkje heilt ute av det blå at eg flytta hit! Eg kom hit i juli i fjor og det gjekk egentlig veldig bra. Det var litt einsamt i byrjinga, før eg byrja på jobb og fekk vener. Elles gjekk det overraskande fint. På fritida likar eg å vere i aktivitet; ut og gå på tur. Eg likar å henge med vener og vere sosial!

 Kva jobbar du med?

Utdanna barnehagelærar og jobbar i Eikefjord barnehage.

Kva var det første arrangementet du deltok på?

Oi! Ja, det var vel workshopen i mai. Eg har også deltatt på grilling på Sørstrand og på politisk debatt.

Har det skjedd noko kjekt/særskilt på eit av arrangementa du vil trekke fram?

Eg opplever at folk er veldig opne. Det har vore veldig hyggeleg å prate med nye folk. Ikkje at eg har fått så mange nye vener endå, men eg har fått mykje tettare kontakt med kjentfolk. Det er veldig kjekt å ha ein plass å treffe nye. Det er på ein måte ein plass med moglegheit for å meir fritt kunne treffe andre. Det motsette er jo at ein er mykje for seg sjølv og henger med kun sine eigne vener. Det er veldig flott med ein felles møteplass der folk har det same målet: dei ønsker å knytte nye bekjentskap og det er noko kjekt som skjer samstundes.

Kva saknar du?

Sei det. Kanskje meir lavterskel tilbod knytta til det å vere aktiv? Turgruppe i kvardagen utan at det er ein større fjelltur, og aktivitetar utan alkohol, er fint. 

Korleis blir ein kjend med folk i Florø? 

Ein må i alle fall ut av komfortsona: invitere folk med på ting, tørr å ta kontakt og vær litt frampå, sjølv om det er veldig unorskt!

Kva håpar du at nettverket skal by på framover?

Fleire møteplassar der sosialt samvær på tvers av ulike interesser og jobbar. Og det å få lov til å prøve nye ting. Plutselig finn du ein ny hobby i ein alder av 35! 

Eg opplever at dette er noko å gle seg til! Det er noko som skjer og ein kan treffe mennesker. Det er ikkje så skummelt å delta på ting som ein trudde. Folk er veldig imøtekomande på desse nettverka, og det er veldig fint. Eg ser fram til kvart arrangement der det er moglegheit for å mingle og vere sosial!

FloraU40-grilling-sørstrand-volleyball-florø

Dele saka?

Kontakt

Alexandria Følsvik

Tif: 947 90 309

E-post: florau40@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello