Opplev arbeidsmiljøet i Florø i jula!

Høyr, høyr! Skal du besøke familie og vener i Florø i juleferien? Då kan du nytte Peak Space i Strandgata (det gamle bankbygget) som kontorplass sjølv om du ikkje har arbeidsstad her! Aksello og Flora U40 vil gjerne opne opp dørene slik at du kan oppleve korleis det er å jobbe i Florø. Det er også ei moglegheit for deg å få arbeidsro i jula. Og så slepp du å bryte julestemninga heime med laptopen din!  

Registrering 

Dette er eit begrensa tilbod vi har i år. Dersom du ønsker å benytte deg at tilbodet, send ein mail til alexandria@aksello.no med namn og kontaktinformasjon, arbeidsgjevar og kor lenge du skal vere her.  

For studentar 

Er du student? Då kan du også nytte deg av tilbodet som student, sjølv om du ikkje studerar i nærleiken. Studiesenter Kysten er eit desentralisert studiesenter som omfattar kystkommunane i Sogn og Fjordane: Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Solund, Kinn og Høyanger. For å benytte deg av tilbodet må du registrere deg her.  

Kjenner du andre som har bruk for kontor- og studieplass i jula må du gjerne tipse dei!  

florau40-studiesenterkysten-aksello-florø-kinn