Det handlar om å bygge dei trygge relasjonane

Vi er stolte over at Flora industri- og næringsforening er ein av våre Sterksild sponsorar! 

– Kort om di bedrift! Kva jobbar de med her i Florø og omland? Har de eit ekstra gøy prosjekt de vil nevne?   

FIN er ein medlemsorganisasjon med 75 medlemmar i dag som starta i 1989. Det er eit bredt mangfold i medlemmar, med både store og små aktørar frå næringslivet. Vi er ikkje operative, med ei 10% stilling for vår sekretær, og det vi ønsker å utrette for medlemmane våra leiger vi inn dyktige folk til. Aksello er til dømes ein aktør vi nyttar mykje. FIN er først og fremst ein påverkningsaktør og målbringer ulike utfordringar medlemane har. Til dømes fekk vi nettopp fullt gjennomslag for høyringa mot å auke eigedomsskatt til våre medlemsbedrifter. Og det samen fekk vi for høyring då kommunen ville kutte budsjettet til vekstselskapa. Det viser at vi blir lytta til då vi representerer eit bredt næringsliv i kommunen.  

Elles bidrar vi til å legge til rette for meir areal for bedriftsetablering. Det er mange bedrifter som har kome langt inn i det grøne skiftet, og dei treng areal for å lukkast vidare med dette. Vi jobbar også for å få tilrettelagt båt, fly og veg. For at vi skal få til det grøne skiftet, er det vesentleg med tilgang til nok kraft. Og denne krafta treng å transporterast.  

-Kva er det finaste med Florø?  

Eg likar å samanligne det med OL på Lillehammer; det er compact games! Alt er veldig tett på. Du får gjort veldig mykje til fots og på sykkel. Det er 5 minuttar til alt. Fleire verdsett dette. Det irriterar mange å skal bruke fritida si på å flytte på seg. Det slepp du her!  

– Vesle Kinn eller Bua for lønningshils med FIN-gjengen?   

Vi har stor spredning blant medlemmane våra. Dei nyskapte bedriftene hadde nok valgt Vesle Kinn, medan dei andre er jevnt fordelt!  

– Kvifor vil de støtte Flora U40?  

Eit av dei viktigste områdene vi jobbar med er å få tilgang på ny kompetanse for våre medlemmar. Det hjelper ikkje med god infrastruktur dersom ein ikkje har menneskeleg kapital som kan omsette dette til verdiskaping! Bedriftene er i kontinuerleg endring, og då treng vi kompetanse som er dynamisk. Vi ser at dei som veljer å satse på å flytte til Florø gjer det grunna jobb, men folk har bevhov for å ha eit liv utanom jobben. Då er det viktig at dei får vere saman med mennesker i same aldersgruppe. Flora U40 får til mykje kjekt og variert. Og de er overalt, til og med på alderssenteret!  

Det handlar om å bygge trygge relasjonar i livet sitt, og Flora U40 forsterkar denne dimensjonen om at dei unge kan vere med på noko utanom jobb.  

Bjørn Hollevik og Anita Øygard

Dele saka?