Julegjestar på Peak

Vi fekk inn ein kjekk førespurnad om kontorplass til dei som kjem heim på juleferie. Dette var ein veldig god idé som vi ønska å følge opp. Vi heiv oss rundt og gjorde plass til potensielle julegjestar på Peak og fekk publisert ein artikkel. Det tok ikkje mange timane før ivrige jobbe-heimanifrå-på-juleferie-ungdomar tok kontakt med oss og booka plass. Vi har fått utruleg god respons, og det har vore eit luksusproblem når julegjestane har slåss om ekstern skjerm! Det har heldigvis gått veldig fint, då dette har vore ei midlertidig løysing for ei kort periode. Vi vil takke alle som verdsette tilbodet vårt! Tusen takk for besøket.  

Det har vore dyktige folk innom oss i jula; mellom anna konsulentar, systemutviklarar og kreative marknadsførarar. Her kan du lese litt om korleis dei har opplevd å sitte på Peak.  

f.v Jakob Myklebust Vaardal, Rudi Hole Nesbø og Kristoffer Æsøy

Kristian Ulvund frå Sunndalsøra jobbar som systemutviklar i Forte Digital i Oslo. I Oslo møtte han kona si, som er florøværing. No er dei heime på juleferie.  

“Svigerfar tipsa meg om tilbodet. Det er eit veldig godt tilbod for oss, særleg når vi har små barn heime – eg hadde ikkje fått like mykje arbeidsro då ungane gjerne hadde komt innom loftsstova titt og ofte. På Peak får eg arbeidsro og får sosialisere med nye mennesker!” seier Ulvund.  

Er du inspirert til å flytte til Florø no då?  

“Eg er ikkje heilt framand for å flytte hit – det er eit samtale tema heime. Vi ønsker ein større bolig til ein rimelegare pris enn kva vi får i Oslo. Vi har svigers og nær familie her i Florø – det er hovudårsaken. Kona er biolog, og har mange arbeidsmoglegheiter i Florø.” avsluttar Ulvund. 

Jakob Myklebust Vaardal og Kristoffer Æsøy er begge florøværingar og jobbar som systemutviklarar i Bekk Consulting i Oslo. No er dei på juleferie i Florø for å feire jul og nyttår. Dei nyttar seg av tilbodet vårt dagane før jul.

“Tilbodet er utruleg bra! Det er fantastisk å kome heim til Florø når slike tilbod finnast.” seier Vaardal.

Så du er altså inspirert til å flytte heim?  

“Eg er framleis tidleg i karriera mi – det er alltids ei moglegheit for at eg flyttar heim, men ikkje med det første. Men dette tilbodet har danna eit bilete av korleis det er å jobbe her og opnar opp for å knytte verdifulle nettverk for framtida.” seier han. 

Skal du delta på noko arrangement i Florø i jula? 

“Draumen er å få ein billett til julequizen! Det er alltid eit høgdepunkt å vere med på den i jula. Elles skal eg på julebord med kompisgjengen, ein tur ut på nyttårsafta, og tilbringe tid med familien og reise på hytta. Eg ser mest fram til romjulssjakk på hytta!” avsluttar Vaardal. 

Æsøy blei tipsa av far sin som hadde lest om tilbodet i Firdaposten. 

“Heilt supert tilbod! Sjukt digg å gå på kontoret og vere i arbeidsmodus. Min kollega, Jakob, og eg har anledning til å kunne samarbeide her utan at det blir over Teams.”  seier han.

Er du no inspirert til å flytte heim?  

“Eg var ikkje klar over at det var så bra lokale og godt arbeidsmiljø her. Det er ei fin samling av mennesker og bedrifter frå ulike bransjar på Peak. Eit godt fellesskap!” avsluttar Æsøy.

Heilt i frå København har vi fått besøk; Rudi Hole Nesbø er heime på juleferie og benytta seg av kontortilbodet dagane før julehelga. Til vanleg jobbar han som systemutviklar i Copenhagen Data.  

“Dette er eit veldig kult tilbod. Det er deilig å sleppe å sitte heime på sofaen eller i kjellaren. Og kjekt å sjå at det skjer mykje i Florø no, det visste eg ikkje. Kult å oppleve arbeidskulturen her!” 

Er du inspirert til å flytte heim?  

“Tilbod som dette hjelper på, det er heilt klart. Eg har ingen konkrete planar om å flytte heim endå, men moglegheita er der. Det er fint at de har slike miljø som Peak – det fanst ikkje når eg budde her. Dette bidrar til at det er meir attraktivt å bu her.” seier han.  

Nesbø avsluttar med å meddele at han skal delta i romjulscupen. Elles er det primært familie og vener som trekker han heimover i jula og på sommaren.  

Vi byrja artikkelen med ein romsdøling og avsluttar med ein gløppar! Gløpparen Vilde Jensen Hovlandsvåg var den første til å ta kontakt med oss allereie same dagen vi annonserte tilbodet. Ho er gift med ein florøværing, dei har ein son på 1,5 år, og no er dei heime med svigers for å feire jul.  

“Dette er ei fin moglegheit til å både få arbeidsro, sidan vi har ein aktiv 1,5 åring i hus som har tatt juleferie” smiler ho. “Og det er eit veldig fint tiltak for å presentere korleis eit arbeidsmiljø i Florø er. Ein får treffe bedrifter og sjå på moglegheitene, rett og slett.” 

Vilde og ektemannen Thomas har nemleg snakka mykje om å flytte heim til Florø.  

“Tilbodet har gitt meg ei positiv oppleving av at dette er folk som ønsker å få til ting her i Florø. Vi har snakka om å bli florøværingar på sikt, og at de har slike tilbod hjelper på; der ein kan kjenne på eit levande næringsliv og at folk ønsker å skape noko.” 

Skal de finne på noko kjekt i jula? 

“Vi skal vere litt her og litt der saman med familien. Vi feirar jul i Kalvåg, men kjem tilbake i romjula. Vi brukar å nytte tilboda i Florø når vi er her; så ein tur på Vesle Kinn og treffe kjentfolk skal vi nok!” avsluttar ho.  

Vilde Jensen Hovlandsvåg og Kristian Ulvund