U40 X Florø Golfklubb – Open golfdag

Gira på å prøve ein ny sport? Eller kanskje du har spelt golf før, men ikkje i Florø? 

Uansett om du er erfaren eller heilt fersk inviterer Øystein og gjengen i Florø Golfklubb deg med til å teste ut golfbana. Fredag 24. mai kl. 17:00 – 20:00 kan du få testa ut golfsvingen og korleis det er å spele på bane 🏌🏼‍♀️ Vi starter med grilling og litt praktisk innføring før vi tar med oss golfkøllene ut på bana og speler. Ein perfekt anledning til å teste ut om golf er ein sport for deg! 

 

Vi skal spele ein såkalla scramble-turnering, som er ein veldig kjekk lagaktivitet. Alle i laget slår eit golfslag, men laget spiller kun vidare på den beste ballen innad i laget. Som nevnt treng ein ikkje å ha golfkurset for å vere med, men minst 1 person på laget må ha VTG-kurset. Dette kan du opplyse om ved påmelding. 

 

Etter nokre timar med golfing tar vi turen til Vesle Kinn for after golf, bli med! 

 

Dersom det er dårleg vêr, blir golfdagen flytta til eit anna tidspunkt. 

Program: 

17:00 – 17:30  Grilling og innføring
17:30 – 20:00  Scramble turnering
20:00 ->  After golf på Vesle Kinn

 

 

Slik kjem du deg til Florø Golfklubb (Planteskulevegen 35, 6908 Florø):

Køyr på rv 55 mot Førde og til Brandsøy. Rett etter busstoppet i Brandsøy på venstre side, svinger du inn og følger vegen ca 1 km innover. Det vil vere skilting på området og telefonnummer til å ta kontakt.

Dele saka?

Kontakt

Alexandria Følsvik

Tif: 947 90 309

E-post: alexandria@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello