Bedriftsbesøk 18. april // Steinvik Fiskefarm

Det er nye ting på gang i Flora U40. No arrangerer vi saman med Steinvik Fiskefarm første bedriftsbesøk!

18. april kan du vere med ut i Steinvika og få svar på det du lurar på. Korleis har fisken det? Korleis fungera produksjonen – og kva er suksessfaktorane til bedrifta? Her får du og mogelegheit til å helse på fisken, og dei servera middag til oss 🐟 Steinvik er eit familieeigd havbrukskonsern i vakre Høydalsfjorden på Vestlandet. Dei har vore pionerar innan oppdrett sidan 80-talet, og har oppretta Steinvik Fiskefarm Visningssenter som eit av dei fyrste i Noreg. No kan vi lære meir om korleis dei jobbar med fiskehelse, berekraft og samfunnsansvar.

Bedriftsbesøka skal vise fram Florø og nokre av dei spennande bedriftene i området vårt! Så, klar til å dykke ned i en verd av oppdrett, tech og berekraft? Bli med!


Førebels program:
– 16.30: Avreise frå Florø (framsida av Amfi) 
– 17.10: Framkomst: Steinvik Visningssenter
– 17.15: Runde på Visningssenter og ut å sjå på fisken i merdane
– 18.00: Tur opp til Steinvik Hovedkontor / eller basen på Seljeseth
– 18.05: Bedriftspresentasjon, Q&A og middag!
– 19.20: Retur til Florø
– 20.00: Framkomst Florø

Det er gratis å vere med, men du må melde deg på her så vi har oversikt!

Dele saka?

Kontakt

Alexandria Følsvik

Tif: 947 90 309

E-post: alexandria@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello