Fagkveld 3 // 11. april

Saman med Sparebanken Sogn og Fjordane inviterar vi til tredje og siste fagkveld! Denne gongen har Silje med seg ein av SSF sine dyktige forsikringsspesialistar; Toril Haugen.

Forsikring er eit «naudynt onde» – dei fleste har forsikring på bolig, bil, hund og reise, men kva med deg og dine kjæraste dersom noko uforutsett skulle ramme dykk? Alle har forsikring gjennom arbeidsplassen, men veit vi eigentleg kva den inneheld? Er forsikringsavtala gjennom din arbeidsplass tilpassa deg og dine kollegaer sitt behov, din gjeld og din livssituasjon?

Ein «moderne» familie består ofte av mine, dine og våre barn. Kva for økonomiske konsekvensar kan dette få dersom du eller ektefelle/samboer døyr? Arvelova blir då eit særskilt viktig tema. Korleis kan ein sikre kvarandre via testament og sambuarkontrakt?
Personforsikring er for dei fleste eit vanskeleg tema. Toril Haugen vil gi gode tips og råd om tema, og forklare kvifor personforsikring er så viktig å ha oversikt over.

Dørene opnar 17.15. Arrangementet er gratis. Ingen påmelding. Det vil bli enkel servering før arrangementet.
 
Vel møtt til eit viktig og spanande tema!

Dele saka?

Kontakt

Alexandria Følsvik

Tif: 947 90 309

E-post: alexandria@aksello.no

Flora U40 er eit prosjekt eigd av Aksello